Nettverksingeniør - Enivest AS
In English: Network Engineer
Visere
Førde, Norway · Posted November 16, 2025
No søkjer vi ein nettverksingeniør som vil vere med og drifte og vidareutvikle nettverket vårt, og sikre kvalitet i ei infrastruktur som mange er avhengige av kvar dag.
Kva ventar deg som nettverksingeniør hos Enivest?
Som nettverksingeniør hos oss vil du jobbe med utvikling, planlegging og drift av tenester i eit moderne ISP-nett. Du vil arbeide med løysingar for internett og VPN-tenester, og bidra til å sikre stabilitet, kapasitet og kvalitet i infrastrukturen.
Arbeidet omfattar konfigurasjon, testing og driftsetting av nettverksutstyr i aksess-, distribusjons- og kjernenettet. Du vil òg delta i vaktordning og handtere overvaking av nettverket, feilsøking og handtering av hendingar knytt til drift.
I tillegg vil du ta del i prosjekt for kapasitetsutviding, modernisering og tryggleikstiltak i nettverket, og bidra med dokumentasjon og eventuelt automatisering av driftsoppgåver.
Stillinga inngår i avdelinga nettverk , og rapporterar til driftssjef .
Ønskjeleg erfaring
- Erfaring med Cisco IOS / IOS-XR , routing , switching og MPLS-baserte nettverk
- Erfaring med drift og sikkerheit i større nettverk ( ISP / NOC / bedriftsnettverk )
- God forståing av BGP , OSPF , Multicast , IPv6 og routing i operatørnett
- Erfaring frå drift av nettverk i ISP -, telekom - eller operatørmiljø
- Interesse for eller erfaring med å ta i bruk AI-baserte verktøy for feilsøking , analyse , dokumentasjon eller automatisering i nettverksdrift .
- Høgare teknisk utdanning (ingeniør/sivilingeniør) – relevant erfaring kan kompensere
Det viktigaste er ikkje kva du har gjort tidlegare, men kven du er. Ikkje nøl med å søke sjølv om du ikkje treff på alle punkt, det gjer ikkje vi heller .
Bli ein del av Enivest
Hos oss vil du få gode utviklingsmoglegheiter i eit inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer som støttar og inspirerer kvarandre. Vi legg stor vekt på å satse på våre tilsette, og fremje ein delingskultur med korte linjer og samarbeid på tvers av fagområder og avdelingar.
Vi tilbyr gode velferdsordningar og fleksible løysingar som gjer det lett å kombinere arbeid og kvardagsliv. Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og er aktiv i fleire lokale initiativ og prosjekt. Vi jobbar for å auke attraktivitet og bulyst i regionen, samt leggje til rette for lokal vekst og verdiskaping.
I Enivest verdset vi mangfald og trivsel på arbeidsplassen, og vi er opptatt av å legge til rette for at våre tilsette skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg.
Lyst til å ta ein prat om stillinga?
Vi ser fram til å motta din søknad og CV.
Alle søknadar vert behandla fortløpande.
Om Enivest
Enivest har om lag 60 tilsette, med hovudkontor i Førde og avdelingar i Etne, Tysnes, Florø, Sandane, Stryn og Sogndal. Les meir på www.enivest.no
This is a copy of the posting, as read on November 25, 2026. The employer’s page has the full text and the way to apply.

